5.10. Veve band
12.10. Strikke sjal
19.10. Strikke sjal
26.10. Strikke sjal / Bunadskveld
2.11. Aktivitetskveld / strikke sjal
9.11. Dugnad / Lage tombolagevinstar
16.11. Medlemsmøte, Tema: sjal
23.11. Dugnad / Lage tombolagevinstar
30.11. Bunadskveld / Dugnad
7.12.
14.12. Julemøte
No tek vi imot påmelding til dagane.
I år vert dagane 27., 28. og 29. juni 2022 på Brudavolltunet, kl 9.00 - 15.00.
Dette er eit samarbeid mellom Viti (Sunnmøre museum) og Ørsta husflidslag - Ung husflid.
I dei tre dagane held vi på med forskjellige handverksaktivitetar.
I år vert det mellom anna toving, fletting, taumaking, baking og sying.
Borna får varm lunsj kvar dag.
Tilbodet går til born i alderen 8 (ferdig med 2. klasse) - 13 år.
Vi har plass til 30 born og håpar mange vil vere saman med oss i tre kjekke dagar.
Pris: 1000,-
800,- for sysken og medlemmar i Ung husflid
Påmelding med namn og alder til barnet til spinnvilledagar@orstahusflidslag.net
Vi må ta eit forbehald om at påmeldinga vert god nok for å arrangere dagane.
Om du ønsker info og nyhende tilsendt på mail gje oss eit vink på post@orstahusflidslag.net
Du finn oss også på Facebook