Velkomen til treff kvar onsdag

kl 19 - 21!


Årsmøte

Onsdag 14. februar

kl 19.00

i lokalet vårt


Vanlege årsmøtesaker


Kaffi og kaker, god prat

Vel møtt!

Velkomen til medlemsmøte

onsdag 4. oktober, kl 19 - 21!

Vi får besøk av Linda Olason Erdal El'Mourabit.
Ho vil fortelje om Omfar.no, og vise ulike strikkaprodukt ho designar.
Vi gler oss!
Åpent for alle!

Spinnville dagar på

Brudavoll-tunet

No tek vi imot påmelding til dagane.

I år vert dagane 27., 28. og 29. juni på Brudavolltunet, kl 9.00 - 15.00.


Dette er eit samarbeid mellom Viti (Sunnmøre museum) og Ørsta husflidslag - Ung husflid.


I dei tre dagane held vi på med forskjellige handverksaktivitetar.

I år vert det mellom anna spikking, sying og baking.

Borna får varm lunsj kvar dag.


Tilbodet går til born frå 8 år og oppover (ferdig med 2. klasse).

Vi har plass til 30 born og håpar mange vil vere saman med oss i tre kjekke dagar.

Prisar:

1000,-

800,- for sysken/medlemmar i Ung husflid


Påmelding med namn og alder til barnet til


spinnvilledagar@orstahusflidslag.net


eller


leiar@orstahusflidslag.net





(Vi må ta eit forbehald om at påmeldinga vert god nok for å arrangere dagane.)


Vil du lære å flette hoseband?

Vi held kurs over to onsdagskveldar no i april, 12. og 19. 

Innimellom må de gjere litt lekser og flette heime også.


Vi har garn som kan brukast til Ørsta- og Sunnmørsbunad.


Kurset er gratis for medlemmer, og kostar 200,- for dei som ikkje er medlem.


Vi møtast i lokalet vårt onsdag 19.00 - 21.00.


Dei som ikkje vil flette er velkomne til vanleg treff til same tid.



Årsmøte 2023


Onsdag 08.02.23

Årsmøtesaker

Kaffi og prat


Vel møtt!


Vi har starta haustsesongen!

Onsdag 21.09. startar vi med tema å veve band med grindvev.


Treng du eit band til strikkekofta di?

Eller vil du berre prøve å lære noko nytt.

Det er faktisk ganske enkelt. 

Vi pøver oss i lag og lærer ein ny teknikk

Plan for hausten 2022:

5.10.      Veve band

12.10.    Strikke sjal

19.10.    Strikke sjal

26.10.    Strikke sjal / Bunadskveld

2.11.      Aktivitetskveld / strikke sjal

9.11.      Dugnad / Lage tombolagevinstar

16.11.    Medlemsmøte, Tema: sjal

23.11.    Dugnad / Lage tombolagevinstar

30.11.    Bunadskveld / Dugnad

7.12.     

14.12.    Julemøte


Sjølv om kveldane har eit tema, så står du sjølvsagt fritt til å gjere det du vil.

Ta med deg det handarbeidet du arbeidar med. Det er også lov til å berre prate 😀

På bunadskveldane er tanken at dei som lurer på eit eller anna innanfor bunadsarbeid kan kome innom og få råd. Vi får ikkje til å arrangere kurs i haust, men vi har fleire som har laga bunad og skjorte sjølv som kan gje gode tips.

Spinnville dagar i Brudavolltunet


No tek vi imot påmelding til dagane.

I år vert dagane 27., 28. og 29. juni 2022 på Brudavolltunet, kl 9.00 - 15.00.


Dette er eit samarbeid mellom Viti (Sunnmøre museum) og Ørsta husflidslag - Ung husflid.


I dei tre dagane held vi på med forskjellige handverksaktivitetar. 

I år vert det mellom anna toving, fletting, taumaking, baking og sying.

Borna får varm lunsj kvar dag.


Tilbodet går til born i alderen 8 (ferdig med 2. klasse) - 13 år.

Vi har plass til 30 born og håpar mange vil vere saman med oss i tre kjekke dagar.


Pris: 1000,-

800,- for sysken og medlemmar i Ung husflid


Påmelding med namn og alder til barnet til spinnvilledagar@orstahusflidslag.net


Vi må ta eit forbehald om at påmeldinga vert god nok for å arrangere dagane.





Her held vi til:




 

Bruksbutikken


som ligg i Garvargata 1.




       Kik innom på bloggen for ein smugkik :)







Om du ønsker info og nyhende tilsendt på mail gje oss eit vink på post@orstahusflidslag.net


Du finn oss også på Facebook